Vin- og matkurs på Café Herman i november

Arrangementsinformasjon

Vinkurs på Café Herman i november


Druefin kjem att med eit siste innslag før jul.   


Eg ynskjer å atter ein gong invitere til mat- og vinkurs på Café Herman, denne gongen med fokus på drikke til kjekke julerettar, med ein vri. Vi kan sjølvsagt ikkje vere heilt A4!  


Då julestria nærmar seg med stormskritt og ein snart skal stå ved pannene og koka utallege rettar, kan det vera kjekt med eit pusterom før ein skal trø til. Kurset vil gi deg inspirasjon og nye tips til korleis ein kan kombinera julemat med drikke på ein meir kreativ måte. Me kjem til å servere utradisjonelle og kreative rettar med mange spennande smakar.  


Det blir masse inspirasjon, latter, drikke og smakebitar til.  


I tillegg byr det på fest og moro etterpå.  


Kvelden byrjar kl.1900 med ein kort introduksjon til korleis ein smakar på vin, før vi raskt bevegar oss vidare til seks forskjellige drikkeeiningar. Kvar rett kjem med ein liten matbit til for verkeleg å vekke nysgjerrigheita di for kombinasjonen mellom mat og vin.  


Vin- og matkurset er ferdig mellom kl.22.30-23.00 og då vert Café Herman opna for alle. Det vil vere mogleg å smake meir på vinane og fortsette den gode praten.  

 

P.S. Det er sjølvsagt mogleg å smake vidare på dei lokale, gode øla også.  

 

Tid: fredag 10.november, kl.1900-2300 (ope etterpå til kl.0200) 

Stad: Café Herman, Leikanger  

Pris: 750 kr 

 

Påmelding skjer via anniken@druefin.no og vipps til 47488182, og påmeldinga er bindande. Det er eit avgrensa tal plassar, fyrste mann til mølla. 

 

Gi beskjed om det er nokre allergiar eg skal ta omsyn til.  

 

Vi sjåast, det er duka for mykje moro!  

vinsmaking
vin