Vin- og matkurs på Café Herman i oktober

EVENT INFORMATION

Det var heidundrande moro å arrangere vin- og matkurs heime i Sogn på Café Herman i april, og Druefin kjem difor attende i oktober.  

Denne gongen er det duka for smaken av Spania i glaset, med nøye gjennomtenkte rettar til.  

Spania er eit land mange har eit forhold til, og eg for min del har verkeleg fått opp augo for landet den siste tida. Den solfylte feriedestinasjonen har lagt meir å by på enn berre Rioja, og eg har oppdaga nye, mindre kjende stader, med deira nydelege druer og vinar.  

Denne kvelden skal alle få ein smakebit og drøyme seg vekk medan det ruskar ute.  

Kvelden byrjar kl.1900 med ein kort introduksjon til korleis ein smakar på vin, før vi raskt bevegar oss vidare til tre forskjellige kvite vinar etterfylgt av tre forskjellige raude vinar. Kvar rett kjem med ein liten matbit til, for verkeleg å vekke nysgjerrigheita di for kombinasjonen mellom mat og vin.  


Vin- og matkurset er ferdig mellom kl.22.30-23.00 og då vert Café Herman opna for alle. Det vil vere mogleg å smake meir på vinane og fortsette den gode praten.  

P.S. Det er sjølvsagt mogleg å smake vidare på dei lokale, gode øla også.  

Tid: fredag 13.oktober, kl.1900-2300 (ope etterpå til kl.0000)
Stad: Café Herman, Leikanger  
Pris: 640 kr 

Gi beskjed om det er nokre allergiar eg skal ta omsyn til.  

Vi sjåast, det er duka for mykje moro!